Revidert nasjonalbudsjett
Meir til kultur og likestilling
Pressemelding | Nr: 18/25 | Dato: 15.05.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Med revidert nasjonalbudsjett ønsker regjeringa å sikre trygg styring av Noreg i ei uroleg tid. Sjølv om budsjettet har vore trongt, har vi sikra meir midlar til kulturlivet, likestillingsarbeidet og til arbeidet med å førebygge ekstremisme, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Inntil 100 millionar ekstra til Den Nationale Scene
– Rehabiliteringa av Den Nationale Scene vil bli eit løft for scenekunstfeltet, ikkje berre i Bergen, men i heile landet, seier kultur- og likestillingsministeren.
Den Nationale Scene fekk tilsegn om 101 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett i 2017 til modernisering av det statlege teateret. Prosjektet har blitt utvida, og i 2021 fekk teateret til saman 608,4 millionar kroner til oppgraderinga. Regjeringa føreslår no ytterlegare inntil 100 millionar kroner slik at teateret kan møte nye krav til berekraft og universell utforming.
Ein ekstra million til Teater Vestland
– Teater Vestland speler ei viktig rolle for å fremme og vidareutvikle nynorsk som scenespråk, og eg håpar at ein auke i tilskotet kan bidra til at teateret kan halde fram med det gode arbeidet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Etter at Teater Vestland flytta inn i nye, moderne lokale i Nynorskhuset i Førde, har teateret fått høgare husleigekostnader enn tidlegare estimert. Regjeringa føreslår å auke tilskotet til Teater Vestland med ein million kroner for å bidra til at teateret kan oppretthalde teatertilbodet.
5 millionar kroner ekstra til forsking og rekruttering av forskarar i musea
– Musea skal satse meir på forsking framover. Det vil vi støtte, for kunnskapen om kulturarven som musea forvaltar er viktig med tanke på beredskap og berekraft, seier kultur- og likestillingsminister Jaffery.
Auka betyr at Norges forskningsråd kan lyse ut ei ny runde med midlar til samarbeidsprosjekt i musea. Med dei nye 5 millionane vil Norges forskningsråd få totalt 31 millionar kroner til ulike forskingsprosjekt på kultur- og mediefeltet.
Likestillings- og diskrimineringsombod i Alta
– Samehets er eit stort problem. Det må bli lettare å søke råd og hjelp om ein opplever diskriminering og hets. Difor skal Likestillings- og diskrimineringsombodet få ein eigen filial i Nord-Noreg, og vi føreslår 1,2 millionar kroner for å teste ut ein slik filial i Alta, seier Lubna Jaffery.
Filialen skal vere eit tilbod for heile landsdelen, men det skal vere eit særleg fokus på den samiske befolkninga. Eit viktig mål med prosjektet er å bidra til å sikre utvikling av likeverdige tenester til heile befolkninga.
3,5 million til Diskrimineringsnemnda
Diskrimineringsnemnda behandlar eit bredt spekter av saker etter likestillings- og diskrimineringslova og arbeidsmiljølova. Nemnda får inn fleire og fleire klagesaker, som betyr lengre saksbehandlingstid. Dei har no ei saksbehandlingstid på meir enn eitt år, i 2021 var saksbehandlingstida omlag 3,5 månad.
– Diskrimineringsnemnda har eit viktig samfunnsoppdrag. Då må saksbehandlinga vere forsvarleg og rask nok. Vi føreslår difor å styrke nemnda med 3,5 millionar kroner, seier kultur- og likestillingsministeren.
2 millionar kroner er føreslått frå Kultur- og likestillingsdepartementet for å redusere etterslepet knytt til funksjonsnedsetjing, og 1,5 millionar kroner er føreslått frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til oppfølging av saker ved varsling etter arbeidsmiljølova.
Ein million til førebygging av ekstremisme
– Vår eigen historie viser tydeleg at vi må styrke det førebyggande arbeidet mot ekstremisme. Vi må mellom anna styrke kompetansen til NAV-tilsette slik at dei veit meir om problemstillingar knytt til radikalisering og ekstremisme. Dette arbeidet vil bli følgd opp av Arbeids- og inkluderingsdepartementet, difor føreslår vi no å overføre éin million kroner til dei frå Kultur- og likestillingsdepartementet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
I tillegg til dette tiltaket har regjeringa i statsbudsjettet for 2025 satt av 14 millionar kroner til førebygging av ekstremisme. Midlane går mellom anna til:
- Å etablere eit nytt nasjonalt senter for innsats mot radikalisering og valdeleg ekstremisme
- Å etablere og formalisere ei muslimsk vegvisarordning
- Organisasjonen Stopp Hatprat
- Auka kompetanse om ekstremisme i idretten og i frivilligheta
- Tilskotsordning til tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar
- Utviding av forskingsstudie om berørte etter terrorangrepet mot London Pub 25. juni 2022