Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa vil styrke skulebiblioteka med 12 millionar

Regjeringa tek grep for at elevar skal oppleve større leseglede og for at dei skal lese meir. I revidert budsjett foreslår regjeringa å løyve 12 millionar kroner for at kommunane kan kjøpe inn bøker til skulebiblioteka.

– Arbeidarpartiet held fram den kraftige satsinga for å auke leseferdigheitene og leselysta hos barn i norsk skule, etter svært urovekkande leseresultat dei siste åra. Med desse midlane sørger vi for at skulebibliotek over heile landet kan kjøpe inn ny, variert og engasjerande litteratur, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Arbeidarparti-regjeringa har i denne perioden auka tilskotet til skulebibliotek i fleire budsjett. Sidan 2021 har tilskotet til personalressursar og kompetanseutvikling i skulebiblioteka auka frå 14 millionar kroner i 2021 til 50 millionar kroner i 2025. Tilskotet på 12 millionar til bøker, kjem i tillegg til desse midlane.

I Opplæringslova står det at kommunane og fylkeskommunane skal sørge for at elevane har tilgang til eit skulebibliotek. Det er derfor viktig at det også lokalt blir prioritert midlar til skulebiblioteka.

– Når vi veit at norske barn og unge les dårlegare enn før og at dei har mindre leseglede, må vi ta grep. Eg vonar at desse midlane, saman med lokale prioriteringar, vil gje mange fleire bøker i skulebiblioteka rundt om i landet vårt, seier Nordtun.

Skulebibliotek gir meir leseglede og meir læring

– Når barn får høve til å utforske bøker dei sjølve er nysgjerrige på – anten det er fantasy, fakta eller teikneseriar – aukar motivasjonen for å lese og lesegleda. Og vi veit at elevar som les mykje, òg gjer det betre i andre fag, seier Nordtun.

Kunnskapsministeren trur skulebibliotek også kan bidra til å jamne ut sosiale skilnadar.

- Ikkje alle barn veks opp i heimar med bokhyller fulle av litteratur. Eit godt skulebibliotek gir alle elevar ei moglegheit til å oppdage leseglede, bli flinkare til å lese og lære nye ting, seier Nordtun.

Regjeringa satsar på lesing

Regjeringa er i gang med fleire målretta tiltak for meir lesing og leseglede.

– Vi er svært bekymra for at barn og unge sine leseferdigheiter, lesevanar og haldningar til lesing har utvikla seg i negativ retning. Derfor set vi inn tiltak der dei verkar best. Fleire bøker i skulebiblioteka er eitt av fleire grep Arbeidarparti-regjeringa gjer, seier Nordtun.

Regjeringa sine tiltak for meir lesing og leselyst

  • Saman om lesing – leselyststrategien 2024- 2030 blei lagd fram av Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i 2024. Målet er å få fleire unge til å lese meir.
  • Sidan 2023 har Støre-regjeringa styrka tilskota til skulebibliotek med totalt 32,5 millionar kroner.
  • Nasjonalt lesesenter har fått 18 millionar kroner for at senteret skal drive kompetanseutvikling og å styrke leseopplæring og lesemotivasjon i skulen gjennom satsinga Tid for lesing.
  • Kommunane har fått til saman 415 millionar kroner ekstra for å kjøpe inn lærebøker til skulane