Utviklingsminister Aukrust til FN-konferanse om finansiering for utvikling i Spania
Pressemelding | Dato: 10.06.2025 | Utanriksdepartementet
Utviklingsminister Åsmund Aukrust leier den norske delegasjonen på FN sin fjerde konferanse for finansiering for utvikling i Sevilla 30. juni–3.juli.
På konferansen møtest leiarar frå heile verda for å bli samde om vegen vidare for global utviklingsfinansiering. Blant deltakarane er over 60 stats- og regjeringssjefar. Noreg har ei sentral rolle som legg til rette av forhandlingane – og vi jobbar for eit ambisiøst, rettferdig og realistisk sluttdokument.
– Eg er djupt bekymra over den geopolitiske splittinga, som har auka dei siste månadene. Denne konferansen er ein viktig temperaturmålar for det internasjonale samarbeidet for ein betre og meir rettferdige verda. Eg reiser til Sevilla med klare bodskap: Vi må forsvare bistanden, auke skatteinntektene i utviklingsland, nedkjempe korrupsjon, og statsgjelda i verda må styrast på ein meir ansvarleg måte, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Journalistar som ønskjer å delta på konferansen må søkje om akkreditering innan 12. juni.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Guri Solberg, guri.solberg@mfa.no, +47 92 219769